Kommuneplan for Vindafjord kommune 2017-2029

Kommunestyret vedtok i møte 04.04.2017, sak 017/17 «Kommuneplan for Vindafjord kommune 2017-2029 – Samfunnsdelen» og i møte 20.06.2017 «Kommuneplan for Vindafjord kommune 2017-2029 – arealdelen», sak 041/17.

Samfunnsdelen omhandlar viktige utviklingstrekk i Vindafjord kommune og dei tre satsingsområda «levande bygder», «handlekraftig kommune og samfunn» og «berekraftig arealforvaltning». Denne del av planen tar stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunen som samfunn og organisasjon.

Kommuneplanen sin samfunnsdel er grunnlaget for sektorane sine planar og verksemd i kommunen. Han gir mål og retning for arealbruken og legg føringar for utforminga av plankartet og føresegnene.

Arealdelen bygger på dei mål og strategiar som er sett i samfunnsdelen og på dei prioriteringane som er sett i planprogrammet. Han består av ein kartdel som viser disponering av kommunen sine areal med føresegner og retningslinjer, og ein utfyllande tekstdel (planskildringa) med konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse.  I denne revisjon av planen har fokus vore på arealformåla bustad, næring og sentrum, i samsvar med vedtatt planprogram.

Dokumenta er lagt ut
Kart og dokument er tilgjengeleg her på nettsida til kommunen, følg linkane under.

Dokument i saka
- K.sak 017/17; andre gangs handsaming av samfunnsdelen (PDF, 368 kB)
- K.sak 041/17; andre gangs handsaming av arealdelen (PDF, 906 kB)
- Kommuneplan for Vindafjord kommune 2017-2029 (PDF, 2 MB)
- Plankart - link til elektronisk plankart

- KU og ROS (PDF, 3 MB)

 

Sist endra 06.07.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering