eDialog - sikker innsending av dokument til kommunen

security.jpg - Klikk for stort bilete

 

Vindafjord kommune har tatt i bruk eDialog.  Med denne tenesta kan du trygt sende oss brev og dokument sjølv om dei er unnateke offentlegheit.


Mange sender dokument til kommunen via e-post.  E-post kan vera ein usikker kanal fordi den kan hackast, e-postar kan stoppast i spamfilter eller ikke koma fram av andre årsaker. 

Ved å nytta tenesta eDialog, kan du no senda oss dokument via ein sikker kanal.

Vi oppfordrar både privatpersonar og bedrifter til å nytta eDialog til å sende dokument trygt inn til oss!

HER FINN DU EDIALOG FOR VINDAFJORD KOMMUNE 

For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID mv)

Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumentet du vil sende oss .

Slik fyller du ut skjemaet:

  • Velg om du er privatperson/innbyggar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
  • Tittel:  Kva dokument du sender og gjerne saksnummeret hvis dette er kjent.
  • Kommentar:  Skriv ev. ein utfyllande tekst om sendinga di.
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg. Sjekk at filtypen er godkjent (pdf,jpg m.fl)
  • Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og vert sendt direkte til vårt sak/arkivsystem. 
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (fra svarut.ks).


Vi ønskjer primært PDF dokument. Slik kan du gjere om eit dokument til PDF-format:
For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF.
LibreOffice og OpenOffice har egen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF".

Du skal ikkje bruke eDialog dersom:

  • Kommunen har elektroniske skjema til føremålet, f.eks. søknad om barnehageplass, søknad om stilling, søknad om SFO mm.
  • Innsendinga gjeld enkle spørsmål som ikke skal journalførast hos oss. Då kan du  sende e-post til postmottak@vindafjord.kommune.no eller direkte til ein tilsett.

 

Sist endra 17.10.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering