Gratis HPV-vaksine

Løvetann - Klikk for stort bilete

Vindafjord kommune tilbyr gratis HPV vaksine til kvinner født 1991 og seinare

Alle kvinner født 1991 og seinare får frå hausten 2017 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse siden 2009. Tilbodet gjeld for alle som oppheld seg i kommunen, du treg ikkje å vera folkregistrert i Vindafjord.  
Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 måneder.

For meir informasjon: www.fhi.no/hpv-vaksine

Påmelding:
Vaksinasjon vil foregå på helsestasjon i Vindafjord
Vaksineringa må være startet før 01.11.18 og avsluttes seinast 01.07.19

Vaksinen må bestillas på førehand, så dei som ynskjer vaksinen må ta direkte kontakt med helsestasjonen for påmelding så snart som mogleg.

Ta kontakt med oss på telefon 995 70 968

E-post: helsestasjon@vindafjord.kommune.no

Vaksinen vert anbefalt til unge kvinner for å førebyggja livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. HPV-infeksjon er den vanligste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smittet i løpet av livet, dei fleste i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjøl, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65­-100 dør av sykdommen. Vaksinen kan gi beskyttelse sjøl om man har debutert seksuelt.   

 

Sist endra 15.09.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering