Oppstart for Helsestasjon for ungdom tysdag 30.januar

Gutar som hoppar i sjøen - Klikk for stort bilete

Helsestasjon for ungdom opnar tysdag 30.januar og har ope kvar tysdag kl 14.30-16.30 på helsestasjonen på rådhuset, Ølen

For ungdomar mellom 13 - 20(+) og ein treng ikkje være busett i Vindafjord.

Lavterskeltilbud. Treng ikkje timebestilling. Berre til å møta opp.

 

Her vil ungdomane treffa lege og helsesøster.
Lege: Elin H. Vågen
Helsesøster: Rullering. Kontaktperson Hilde Bjerkreim. Mobil 99570969

Her kan ungdomane få hjelp til: (bl.a)
Samtale med lege eller helsesøster ang psykisk, fysisk, sosial og seksuell helse.
Me vil gje råd ang lettare psykiske vanskar. Ved behov for tettare oppfølging blir ungdomen henvist vidare.
Råd ang bl.a søvn, fysisk aktivitet, kosthold. Ved behov henvisning til fastlege / fysioterapeut etc..
Råd ang sosiale medier, famile, venner.

Helsestasjon for ungdom er kjønns og legningsnøytal. Her skal ungdom bli møtt med eit legningsnøytralt språk i all formidling og kommunikasjon.

Prevensjonsveiledning. Mulighet for å få satt inn langtidsverkande prevensjon som spiral og p-stav. Resept på p-piller og gratis kondomar.
Testing for seksuelt overførbare sjukdomar.
Råd ang rus, vold, overgrep

Tilbodet skal ikkje erstatta fastlegeoppgåver og ved akutt hjelp er det fortsatt legevakt / 113 som gjeld!!!Tilbodet er gratis.
Hjelp oss gjerne med å formidla tilbodet ut til ungdomane.


Lik Helsestasjon for ungdom Vindafjord på Facebook

Sjå også Retningslinjer for Helsestasjon for ungdom

 

 

 

Sist endra 29.01.2018
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering